Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Forvaltning, drift og vedlikehald i Møre og Romsdal

Alle kommunane i Møre og Romsdal har inngått ein FDV-avtale som regulerer det kontinuerlege vedlikehaldet av geografiske data. Avtalen inkluderer òg drift, distribusjon, rettar og sal av data. Vedlegga til avtalen blir revidert årleg.

Les meir FDV Møre og Romsdal

Arbeidet med avtalene og oppfølging av pliktane i avtalen koordineres av Kartverket.  Meir om forvaltning, drift og vedlikehald og om dei kartdata som er del av Felles kartdatabase (FKB).

Arbeidet med avtalene og oppfølging av pliktane i avtalen koordineres av Kartverket.

Innføring av geosynkronisering med SFKB gjer at data no vert oppdaterte meir eller mindre kontinuerlig. Vi satsar likevel på ein årleg vedlikehaldsrunde av data for kvar kommune. Dette for å kontrollere det som blir lagt inn og sikre samordning mellom datasetta.

Innføring av SFKB

Alle kommunane i fylket oppdaterer no direkte i SFKB. Det inneber at alle FKB-data er lagra hos Kartverket i ein felles base. Den har alle med oppdateringsansvar for innhaldet direkte tilgang til. Dermed er det ikkje lenger behov for innsending av data til faste tider. Data distribueres frå denne basen ein gong i døgnet.

Reduksjonsfaktor

Kommunane får økonomisk utteljing for det arbeidet dei gjer med FKB-data. Det er derfor innført eit system med reduksjonsfaktorar som minskar den avtalefesta utbetalinga dersom kommunen ikkje leverer gode nok data. Dette blir for tida målt gjennom to forhold:

  • Kor høg prosentdel av nye/ endra bygningar i matrikkelen som har flatedanning i FKB-Bygning eller FKB-tiltak. Dersom denne andelen er på minst 90%, blir det ingen reduksjon.
  • Kor mange av nye/ endra bygningar i matrikkelen som ligg i eit område registrert som jordbruksareal i AR5. NB: gjeld ikkje bygg/ tiltak med bygningsstatus «igangsett». Her er det tale om ein stykkpris per bygning.

Årsmøte

Kvart år blir det heldt årsmøte for alle Noreg digitalt-partar i fylket, vanlegvis i mars eller april månad.

Share
XPPT