Fyrlykt på Tingholmen. Kartutsnitt som viser sjømerke for fyrlykt er redigert inn. Foto: Arnfinn Lie
FYRLYKT OG ANDRE KARTSYMBOL: Den nautiske publikasjonen "Symboler og forkortelser i norske sjøkart" forklarar symbol og forkortingar som brukast i norske og internasjonale sjøkart. Foto: Arnfinn Lie
Siste oppdatering

Symbol og forkortingar i norske sjøkart

Skal du lese og forstå eit sjøkart, treng du heftet Symboler og forkortelser i norske sjøkart.  Heftet gir deg viktig informasjon og ei god oversikt over alle kartsymbol og forkortingar som er brukt i norske og internasjonale sjøkart.

Heftet Symboler og forkortelser i norske sjøkart er den norske utgåva av INT 1 – Symbols, Abbreviations and Terms used on Charts:

01.07.2020

Symboler og forkortelser i norske sjøkart

(pdf 7,5 MB)

Eit hjelpemiddel – lovpålagt og nyttig

Symboler og forkortelser i norske sjøkart er eit nødvendig hjelpemiddel når ein navigerer i sjøkart. Publikasjonen gir gode forklaringar på alt innhald i sjøkartet. Det gir også informasjon om gradnett, datum og referansenivå brukt ved konstruksjon av sjøkart.

Heftet er ein lovpålagt nautisk publikasjon og skal vere om bord i alle SOLAS-skip som nyttar norske sjøkart. Publikasjonen bør også studerast nøye av alle sjøfarande som skal ferdast i meir eller mindre ukjend farvatn og som ønskjer å kome sikkert i hamn. Alle symbol i sjøkart viser til eit fysisk objekt i terrenget og fortel korleis du skal navigere nær dette.

Ved første gangs bruk av Symboler og forkortelser i norske sjøkart bør innleiinga studerast. Deretter vil du lettare kunne forstå publikasjonen utan ytterlegare hjelpemiddel.

Spesielle norske kartsymbol

Det er stort sett internasjonale symbol, fargar og engelsk tekst i norske sjøkart. Men i sjøkart på papir finst framleis nokre spesielle norske sjøkartsymbol. I heftet viser vi det internasjonale kartsymbolet side om side med tilsvarande norsk kartsymbol.

INT 1

Symboler og forkortelser i norske sjøkart blir også kalla INT 1 eller norsk INT 1. Publikasjonen er basert på Chart Specifications of the IHO som blei fastsett ved den internasjonale hydrografiske organisasjonen (IHO) sin XIIth International Hydrographic Conference i 1982.

Det blir utgitt internasjonale utgåver av INT 1 på engelsk, fransk og spansk. Dette er dei tre offisielle internasjonale utgåvene av publikasjonen. Den norske INT 1 er ein tilnærma kopi av desse, men med norsk tekst i tillegg til engelsk.

Del