Siste oppdatering

Søk innsyn i stadnamnsaker

Kartverket fastset korleis stadnamn skal skrivast. Du kan sjå oss i korta ved å søkje innsyn i stadnamnsaker.

Dersom du ynskjer innsyn i vedtaksbrev og annan korrespondanse i Kartverkets namnesaker, kan du søkje om det gjennom eInnsyn.

Vil du berre ha informasjon om status for ei namnesak, kan du også søkje på namnet i Sentralt stadnamnregister (SSR). Der kan du sjå om det er reist sak på skrivemåten av stadnamnet, om skrivemåten er vedtatt, eller om det kan vere klage på skrivemåten.

Bestemmer skrivemåten

Kartverket er ein stor brukar av stadnamn. Når nye produkt kjem på marknaden, får knapt noko anna tema så mykje merksemd som namna. Kartverket får tilbakemeldingar om namneutval, namneplassering og om skrivemåten av namna. Trass i at vi har eit forvaltningsansvar etter lov om stadnamn og er ein stor brukar av stadnamn, bestemmer vi ikkje kva ein stad heiter. Oppgåva for Kartverket er å:

  • innhente informasjon om faktisk namnebruk
  • fastsetje skrivemåten av naturnamn og nedarva gards- og bruksnamn
  • drifte Sentralt stadnamnregister (SSR)

Heimla i stadnamnlova

Dei to sistnemnde oppgåvene har vi fått gjennom lov om stadnamn frå 1990. Etter endringane i lova frå 2005 fastset vi også skrivemåten for andre statlege etatar dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift, til dømes namn på Kystverket sine fyr og Vegvesenet sine bruer og tunnelar. Sjølve namnevalet gjer etaten sjølv.

I praksis tyder dette at Kartverket vedtek skrivemåten av dei fleste namna som vert brukte i kart.

Del