Stadnamndata
Data frå Sentralt stadnamnregister (SSR) er gratis, og uunnverlege i alle norske kart. Du kan anten laste alle stadnamna ned eller knyte deg opp til registeret via API.
Finn data Her får du tak i stadnamndata
(lenka går til søk på stadnamn på Geonorge)
Sentralt stadnamnregister er det offisielle norske registeret over stadnamn i offentleg bruk. Det inneheld over 1 million stadnamn. Kartverket viser stadnamndata frå registeret på norgeskart.no, og der kan du også søkje på stadnamn i registeret.
Bruksområde
Stadnamndata kan nyttast i kart og hentast inn i ulike digitale kart- og stadrelaterte tenester. Det kan også nyttast til analyse og presentasjon i GIS-system, i undervisning, slektsforsking og anna forsking.
API-et for indeksert søk eignar seg for stadnamnsøk i interaktive kart og andre digitale løysingar.
Produkteigenskapar
Stadnamn-datasetta er basert på kartseriane Norge 1:50 000, økonomisk kartverk, sjøkart og namnevedtak gjort etter stadnamnlova.
Brukarhistorier Utan stadnamn - inga vermelding!
Stadnamn er uunnverleg i dei fleste digitale kartløysingar der stad er ein faktor. Dei aller fleste digitale kart over Noreg byggjer på stadnamndata frå Kartverket. Mellom anna er vervarslinga avhengig av stadnamn, og Yr hentar sjølvsagt stadnamn frå Kartverket og sentralt stedsnavnregister.
Kvart namn har opplysningar om språk/språkform, koordinatar for posisjon (punkt), kommune, temakode for namnetype, vedtakstype, dato for registrering av namnevedtak og i kva slags samanheng namnet er brukt.
Format
Stadnamndata kan lastast ned i GML eller SOSI. Dei er også tilgjengelege som API: WMS og indeksert søk.
Det indekserte søket er tilgjengeleg som webservice med ei rekkje obligatoriske og frivillige parametrar. Det har både eit SOAP-grensesnitt og eit REST- grensesnitt med retur i XML-format, med identiske spørje- og returparametrar for dei to grensesnitta.
Rettleiing
Her er brukarrettleiing for API-et med det indekserte søket. Den er retta mot utviklarar og føreset IT-kunnskapar.
The mail has been sent!