Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Brukarrettleiing for adresse-API

Denne rettleiaren er retta mot utviklarar som vil bruke Kartverkets REST-API for indeksert adressesøk.

Kartverkets hurtigsøk på adresser er eit REST-API som hentar data frå det nasjonale eigedomsregisteret, matrikkelen. Du finn API-et på Geonorge.

Kartverket leverer også eit SOAP-API direkte mot matrikkelen (Geonorge). Kontakt oss på e-post post@kartverket.no for informasjon om tilgang til dette.

Dokumentasjon

Den til eikvar tid oppdaterte dokumentasjonen er Swagger/OpenAPI dokumentasjon.

Tenesta opererer mot datasettet «Matrikkelen – Adresse» (Geonorge), men berre med postkrets av kretsinformasjon. I produktspesifikasjon for datasettet på Geonorge kan du lese meir om kva dei ulike felta i tenesta tyder.

Tenesta krev ikkje registrering. 

Bruk av Adresse REST-API

Tenesta fungerer slik:

  1. Set saman ei spørjing i nettlesaren
  2. Spørjing blir send til databasen
  3. Du får så tilbake data i nettlesaren

Swagger/OpenAPI dokumentasjonssida får du hjelp til å setje saman spørjesetningar og du kan teste spørjinga mot databasen.

Spørjefunksjonalitet

Du kan søkje innafor alle felt (delar av adressa) eller innafor bestemte felt.

I nokre felt kan du søkje med «wild-card» (*) om du ikkje kan heile namnet. Søket tar ikkje omsyn til om gatenamn har mellomrom eller ikkje etter punktum, for eksempel C.A.Phils gate/C.A. Phils gate.

Nokre enkle eksempel:

Søk etter alle oppføringar som inneheld «Øvreveg» og talet «14» i Noreg:

https://ws.geonorge.no/adresser/v1/sok?sok=14Øvreveg*

Søk etter alle vegar med namn «Øvrevegen» og husnummer 14:

https://ws.geonorge.no/adresser/v1/sok?nummer=14&adressenavn=Øvrevegen

Søk på adresser innan ein radius på 100 meter:

https://ws.geonorge.no/adresser/v1/punktsok?radius=100&lat=61.2461&lon=8.9203&treffPerSide=100&side=0o/

Med enkel programmering kan spørjetenesta integrerast i for eksempel publikumstenester på nett, for å verifisere at ei adresse finst, eller for å hente ut ei liste av adresser. Alt som kan koplast til ei adresse kan ved hjelp av Adresse REST-API-et koplast til eit geografisk punkt.

Respons

Det kan gjerast eit utval av felt. I eksemplet under ber vi om å få levert berre kommunenummer og koordinatane til adressepunkta som er søkt ut:

https://ws.geonorge.no/adresser/v1/sok?adressenavn=Øvrevegen&nummer=14&filtrer=adresser.kommunenummer,adresser.representasjonspunkt

I tillegg kan du velje kor mange treff per side og kor mange sider du ønskjer levert.

Hold deg oppdatert. Meld deg på nyhetsbrevet vårt.

Share
XPPT