Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Framtidsfullmakt

Ordninga med framtidsfullmakt er ei frivillig, privatrettsleg ordning, som gir høve til å nemne opp ein eller fleire personar som din rettslege representant dersom du i framtida ikkje lenger er i stand til å ta vare på eigne interesser.

Vilkåra for at fullmakta skal ta til å gjelde vil vere knytt til medisinske tilstandar, som sinnsliding, demens eller anna alvorleg sjukdom. Dersom fullmakta skal brukast til å selje eller disponere over eigedom, er det viktig at disposisjonsretten er spesifisert så godt som råd i fullmakta.

Les meir om framtidsfullmakter.

Framtidsfullmakt i samband med tinglysing

Dersom du skal bruke ei framtidsfullmakt for å tinglyse sal eller overdraging av eigedom, må statsforvaltaren stadfeste at den er sett i kraft. Statsforvaltaren sender stadfestinga til tinglysing slik at det vert tinglyst på eigedomen som skal seljast at framtidsfullmakta er i kraft.

Når stadfestinga er tinglyst på eigedomen, kan fullmektigen etter framtidsfullmakta få tinglyst dokument på eigedomen. Framtidsfullmakta må leggjast ved for å dokumentere kven som er fullmektig, og at fullmakta omfattar rett til å disponere over eigedomen.

Hovudregelen er at innsendaren må leggje ved den originale framtidsfullmakta. Du kan likevel sende inn ein kopi som er bekrefta rett kopi. Kopien må også ha ei påteikning som stadfestar at fullmakta framleis gjeld, eller gjaldt då fullmakta blei brukt. Vi kallar dette for ei inneståelseserklæring. Ei slik stadfesting kan gjevast av dei same personane som kan vitne aleine på eit tinglysingsdokument. Til dømes advokatar og eigedomsmeklarar, eller andre som er nevnt i tinglysingsforskriften § 3, jf. § 7 andre avsnitt. Stadfestinga må vera datert same dag, eller seinare, enn den dagen fullmektigen signerte dokumentet som skal tinglysast.

Les meir om Kartverket sin praksis i Rundskriv for Tinglysingen kapittel 3.6 problemstilling nr. 4.

Vedvarande fullmakt

Eit alternativ til både vanlege fullmakter og framtidsfullmakter, er ei vedvarande fullmakt. Ei vedvarande fullmakt vert i utgangspunktet nytta som ei vanleg fullmakt, og gjeld med ein gong den er signert. Fullmektigen kan gjere daglegdagse gjeremål, til dømes betale rekningar og ha kontakt med helsevesen.

Dersom fullmakta er formulert for å gjelde også etter at fullmaktsgivaren blir alvorleg svekka på grunn av sjukdom, vil fullmakta gå over til å vera ei framtidsfullmakt.

Legalfullmakt

Legalfullmakt er eit omgrep som vert nytta om disposisjonsrett som følgjer av lovbestemte omsorgsplikter i nære relasjonar, til dømes mellom ektefeller og sambuarar. Slike fullmaktsforhold kan nyttast til daglegdagse gjeremål, som å betale rekningar og liknande.

Det er ikkje tilstrekkeleg å vise til eit legalfullmaktsforhold dersom du skal tinglyse noko på vegne av ein nærståande. Alternativet er å få oppretta verjemål.

Les meir om verjemål.

 

Share
XPPT