Endring av stemmekrets før valet i 2025
Valdagen for stortingsvalet er måndag 8. september. Kommunane har frist på seg til å melde frå om endringar i stemmekretsane seinast 31. mars 2025.
Valdagen for stortingsvalet neste haust er måndag 8. september 2025. Nokre kommunar har også valdag søndag 7. september. Meir informasjon om valet finn du på valportalen.
Kommunane sin frist for å melde frå om endringar i stemmekretsar er i følgje lova seinast 31. mars i valåret, jf. valgloven § 9-2 Stemmekretser:
- 9-2. Stemmekretser
Kommunestyret avgjør hvordan kommunen skal deles inn i stemmekretser. Myndigheten kan delegeres til valgstyret. Valgstyret skal senest 31. mars i valgåret orientere sentral matrikkelmyndighet om endringer i stemmekretsinndelingen.
Endringar i stemmekretsar
Sidan førre stortingsval har Kartverket teke i bruk Nasjonal inndelingsbase som verktøy for oppdatering av administrative inndelingar. Det er derfor ulike rutinar for oppdatering av grunn- og stemmekrets, enn for andre endringar i kretsinndeling, jf. føringsinstruks for matrikkelen kap. 5.2.
Etter at kommunane har vedteke eventuelle endringar i stemmekretsane, skal informasjonen om endringane sendast til Kartverket før 31. mars i valåret. Tilbakemeldinga til Kartverket må innehalde tydeleg informasjon om:
- Kva som er endra, og kva det er endra til (kopi av kommunen sitt vedtak, eventuelt med utfyllande informasjon dersom det ikkje går tydeleg fram av vedtaket).
- Ved delingar eller samanslåingar treng vi også informasjon om nytt kretsnummer og -namn.
- Dersom endringane fører til nye stemmekretsgrenser, ber vi om manus frå kommunen i form av SOSI-fil.
Stemmekretsane som vart brukte ved valet i 2023 ligg tilgjengeleg for nedlasting på Geonorge.no (Stemmekretser - historiske data 2023). Der kan ein ta uttrekk av eigen kommune. Endringane på stemmekretsgrensene skal redigerast inn i SOSI-fila, og så sendast til Kartverket.
Tilbakemeldinga til Kartverket skal sendast til post@kartverket.no, og bruk gjerne følgjande overskrift i e-posten: (Namnet på din) kommune - Stemmekretsendring - Stortingsvalet 2025.
The mail has been sent!