Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Nye burettslagsandelar

Både nye burettslag og nye andelar i eksisterande burettslag skal registrerast i grunnboka. Det er styret i burettslaget som må sjå til at andelane vert registrerte hos Kartverket.

Fyll ut skjema for registrering av andelar i burettslag

Skjemaet har to delar. Del 1 skal du fylle ut med informasjon om burettslaget. Deretter skal du fylle ut del 2 for kvar enkelt nye andel i burettslaget.

Du må opplyse om adresse til bustaden og kven som er heimelshavar til andelen. Kartverket koplar adressene mot det kommunen har registrert i matrikkelen. Det er difor viktig at du fyller ut felta for adresse slik at dei samsvarer med adressene kommunen har oppretta for bustadane.

Nye andelar i eksisterande burettslag

Plikta til å registrere andelane gjeld også eksisterande burettslag som utvider antalet andelar i laget. Du bruker det same skjemaet som for registrering av nye burettslag.

Plikt til å registrere nye burettslag

Grunnboksregistrering av burettslagsandelar starta 1. juli 2006. Frå dette tidspunktet vart det innført plikt for alle burettslag til å registrere andelane i grunnboka. Dette følgjer av burettslagslova § 6-1.

Det er styret i burettslaget som skal signere skjemaet.

Adresse: Send dokumenta til:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Share
XPPT