Søk stadnamn i kart
Skrivemåtar og namnevedtak er noko av det du finn i Sentralt stadnamnregister, det offisielle registeret over stadnamn i Noreg.
Med heimel i § 14 i lov om stadnamn har Kartverket fått oppgåva å drifte og utvikle registeret.
(lenke til norgeskart.no der søkjefeltet går mot Sentralt stadnamnregister)
På norgeskart.no vil du finne faktaark om stadnamna.
Treng du meir informasjon kan du ta kontakt på telefon 32 11 80 00 eller
e-post post@kartverket.no.
Skrivemåtar som skal brukast i det offentlege
Når skrivemåten av eit stadnamn er vedteken etter gjennomførd namnesak, skal namnet leggjast inn i SSR, og skrivemåten skal nyttast av alle offentlege etatar. Alle andre skrivemåtar av dette namnet er då avslegne, og dei skal ikkje brukast korkje på offentlege kart eller i annan dokumentsamanheng. Men alle namneformer (òg avslåtte former) vil kunne brukast i søk på nett-tenester både innanfor og utanfor Kartverket.
Fakta Fakta om SSR
Sentralt stadnamnregister (SSR) inneheld over 1 million stadnamn med kring 1,1 millionar skrivemåtar.
Skrivemåtestatusar i SSR
Vedtatt
Statusen «vedtatt» tyder at namnet har vore behandla etter stadnamnlova, og at skrivemåten er formelt vedteken. Offentlege instansar har plikt til å bruke den vedtekne skrivemåten, jf. stadnamnlova § 11 første ledd.
Avslått
Namnet har vore behandla etter stadnamnlova, og skrivemåten vart avslått. Skrivemåten skal ikkje brukast av det offentlege.
Godkjent og tilrådd
Namnet var i offentleg bruk då SSR vart oppretta, men har ikkje vore behandla etter stadnamnlova. Skrivemåten skal brukast av det offentlege fram til det eventuelt blir gjort vedtak om ein annan skrivemåte.
Godkjent og ikkje tilrådd
Namnet var i offentleg bruk då SSR vart oppretta, men har ikkje vore behandla etter stadnamnlova. Skrivemåten skal ikkje brukast av det offentlege.
Føreslått
Namnet er lagt inn gjennom stadnamninnsamling eller tenesta «Rett i kartet», men har ikkje vore behandla etter stadnamnlova. Skrivemåten skal ikkje brukast av det offentlege.
Skrivemåtar som har vore i bruk før stadnamnlova vart sett i verk 1.7.1991, skal brukast av det offentlege inntil ein annan skrivemåte blir vedteken gjennom namnesak, eller han blir nedprioritert til fordel for ein annan skrivemåte som er meir i samsvar med lova.
Namn frå vegskilt, sjøkart, økonomisk kartverk, historiske matriklar og andre produkt utgitt før 1.7.1991 med ”godkjend(e)” skrivemåtar, blir framleis lasta inn i SSR. (Vi legg også inn stadnamn med skrivemåtar som ikkje er lovlege til offentleg bruk etter stadnamnlova. Desse blir koda som namneforslag, men er tilgjengelege som søkjeord i nett-tenestene.)
Namn som ikkje er regulerte av lova
Ein del stadnamn med skrivemåtestatus "Privat" ligg òg i registeret. Det er namn på industriføretak og småbedrifter, turisthytter, hotell, campingplassar, m.m., der det er eigarane som bestemmer skrivemåten. Namn koda med ”Historisk” (H), er namn som er gått ut av bruk pga. nedlegging eller fordi staden/institusjonen no har eit anna namn. Norske og relevante utanlandske namn utanfor Fastlands-Noreg, der lova ikkje gjeld, har fått skrivemåtestatusen ”Internasjonalt”. Nokre kommunar har òg lagt inn lokalt innsamla stadnamn som namneforslag (Uvurdert) i SSR.
Bruksområde
SSR blir nytta dagleg i namneforvaltninga, til namnsetjing, i kartproduksjon, ved adressetildeling og til informasjon om utbreiing av eit namn eller namneledd, til forsking og undervisning. SSR er eit godt hjelpemiddel i kartproduksjonen, men fyrst og fremst er det eit verktøy i forvaltninga etter lov om stadnamn.
Kva inneheld registeret?
I tillegg til opplysningar om skrivemåten har registeret informasjon om språk/språkform (norsk, nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, kvensk, skoltesamisk), kasus, kva for fylke eller kommune staden tilhøyrer, geografisk plassering (koordinatar), objekttype (kva det er namn på), status for skrivemåten, om namnet er behandla i namnesak, vedtaksinstans, vedtaksdato i tillegg til dokumentasjon på bruk (på kart, skilt osb.). Her er òg namn på stader utanfor ”Fastlands-Noreg” med andre lands land- og språkkodar frå Aust-Grønland i vest til Novaja Zemlja i aust.
Samisk og kvensk i SSR
I SSR har vi ca. 2 500 kvenske og ca. 30 000 samiske stadnamn.
Vedtekne skrivemåtar skal brukast
Opplysningane i registeret er offentlege. Når skrivemåten av eit stadnamn er vedteken etter lov om stadnamn og er førd i SSR, skal berre denne skrivemåten brukast av alle offentlege organ. Alle som etter lova skal bruke stadnamn i offentleg teneste, har plikt til å skaffe seg opplysning om offisiell skrivemåte.
Introduksjon til SSR
Det er òg mogleg å bruke innsynsverktøyet SSR som er ein Java-applikasjon som kan startast frå denne adressa: https://stedsnavn.kartverket.no/stedsnavn. Denne krev brukarnamn og passord. Dette kan ein få ved førespurnad til Kartverket. All informasjon i denne applikasjonen er og tilgjengeleg gjennom norgeskart.no.
The mail has been sent!