Kartprojeksjonar
Som offisiell kartprojeksjon i EUREF89 bruker vi UTM, Universal Transverse Mercator. For bruk i bygg- og anleggsbransjen er det innført ein sekundær offisiell projeksjon, EUREF89 NTM.
UTM - Universal Transverse Mercator
Som offisiell kartprojeksjon i EUREF89 bruker vi UTM, Universal Transverse Mercator. UTM er ein Gauss-Krüger-projeksjon med 6° sonebreidd. Berøringsmeridianane er 3°, 9°, 15° osv. aust for Greenwich. På grunn av den store sonebreidda er det lagt på ein målestokkfaktor på 0.9996 langs berøringsmeridianen. Dette inneber at ein avstand målt i terrenget, må korrigerast med inntil 400 ppm (parts per million) eller 4 cm/100 meter, avhengig av avstand frå sentralmeridianen, for å kunne reknast om til ein avstand i kartplanet. Det er nedfelt i standarden Geodetisk grunnlag – koordinatbaserte referansesystemer og kvalitetssikring av grunnlagspunkt at berre sonene 32, 33 og 35 skal brukast til kartlegging i Noreg. .
Kva er ein kartprojeksjon?
Kartprojeksjon er den metoden ein brukar når ein skal overføre Jorda si krumme overflate til eit flatt kart.
Gauss-Krüger sin projeksjon er den mest vanlege i Europa.
NTM – Norsk Transversal Mercator
For bruk i bygg- og anleggsbransjen er det innført ein sekundær offisiell projeksjon:
EUREF89 NTM spesifikasjon
EUREF89 NTM - Norsk Transversal Mercator (pdf) med sonene 5–30.
Projeksjonen har desse eigenskapane:
- 1 grads sonebreidd
- Sentralmeridian kvar halve grad, 5º30’, 6º30’, osv.
- Målestokk 1.0000 i sentralmeridianen (tangering)
- 1 000 000 (1 million) i falsk offset nord (N=1 000 000 ved B=58º Nord) og 100 000 (hundre tusen) i falsk offset aust
- Same geoide- og ellipsoide-modell som EUREF89 UTM
- Maksimal målestokkskorreksjon 11 ppm innanfor naturleg sone
The mail has been sent!