Meld inn feil i sjøkart
Har du observert feil eller manglar i sjøkartet som du vil melde frå om? Meld dei inn via Kartverkets teneste «Rett i kartet».
Via tenesta Rett i kartet kan du melde inn feil og manglar i sjøkartet, etablering og endring av installasjonar eller annan informasjon.
Alle kan bidra
Alle brukarar av sjøkart kan bidra med tilbakemeldingar, anten det er til eit papirsjøkart eller ein kartplottar med kartdata frå Kartverket.
Sjøkart er ferskvare og «Rett i kartet» gjer det mogleg å kome med dine oppdateringar direkte til oss. Dette er med på å gje sjøfarande eit sikrare og betre navigasjonsprodukt.
Slik gjer du det
Innmeldinga gjer du ved å registrere punkt, linjer og flater. Du kan også legge ved bilete av observasjonen, eller laste opp data frå ei GPS-eining.
Vi ønskjer tilbakemeldingar om feil og manglar i sjøkart som kan vere navigasjonskritiske. Dette kan til dømes vere:
- grunner og skjær
- kablar
- luftspenn
- bruer
- røyrleidning
- havbruk
- kaianlegg
- fyllingar og moloar
- lykter og lanternar
- stakar og jernstenger
- vardar og båkar
Alle tilbakemeldingane vil bli behandla og vurdert i Kartverket før dei kan leggast inn i karta. Ønskjer du tilbakemelding og å sjå status på di sak, kan du i tillegg opprette ein brukarkonto på Rett i kartet.
Behandlingstid
Etter at innmeldinga er registrert, vil Kartverket starte behandlinga. Behandlingstida vil vere avhengig av tilbakemeldinga. Kartverket har klare krav til datakvalitet og datakjelde som brukast i sjøkarta. Difor vil nokre meldingar vere enkle å få ut i sjøkartet, medan andre meldingar vil krevje meir undersøking.
The mail has been sent!