Fargeleggingsbøker er blitt bestseljarar i ei rekkje land, og hobby-teiknarar i hopetal har funne sjelefred og fått utløp for kreativiteten sin ved å fargelegge detaljerte mønster og motiv. Også Kartverket har kasta seg på fargeleggingstrenden som har gått sin sigersgang over store delar av verda.

På norgeskart.no kan du velje kva for ein by eller tettstad du vil skrive ut for fargelegging. Opne norgeskart.no, finn rett by/stad ved å zoome deg inn i kartet eller ved å nytte søkjefeltet, og vel "Lag fargeleggingskart" i menyen som dukkar opp.

Tips: Det blir flest mønster der det er mange vegar!

Lag fargeleggingskart (norgeskart.no)

For deg som vil ha ferdige fargeleggingskart - nedanfor har vi laga klar utskriftskart for eit lite utval byar: