Fagdag om plan- og temadata

Geoforum Hordaland og Plan- og temadatautvalet (PTU) i Hordaland inviterer til fagdag. Held av datoen!

09:00 - 15:00

Påmelding kjem seinare, via GeoForum Hordaland.

Kom, ta morgonkaffien saman med eit spanande menneske du ikkje har møtt før, som er like interessert i plan og temadata som du. Få fagleg påfyll og nyt ein lunch i brasseriet på Opus XVI. Diskuter første økt av dagen under måltidet, eller berre gled deg til resten av dagen.

Her kjem det eit program som har deg i fokus, tettare kopling av folk og fag innan plan og temadata. Programmet er i arbeid, men me kan røpa at det vert innslag både om kvikkleirekartlegging i ein vestlandskommune, oppfølging av «Kritiske punkt i elvar og vassdrag» og kan henda eit velforvalta hjortevald? For kva er ikkje temadata?

Mykje har skjedd sidan i fjor, me er ivrige etter å fortelja og gje deg ein dag med fagleg innhald, erfaringsutveksling og gode diskusjonar.

Set av dagen allereie no! Me gler oss til du kjem.

Kontakt

Del

Noreg digitalt i Vestland

Kartverket ved fylkeskartkontorene skal etablere en felles arena i fylket for arbeidet med datagrunnlag som inngår i Norge digitalt.