Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

E-faktura og EHF-faktura for selskap

Profesjonelle selskap som tinglyser ofte kan velje å få faktura tilsendt som E-faktura eller EHF-faktura. Det er også mogleg å få tilsendt samlefaktura. 

Elektronisk faktura

Kartverket tilbyr avtale om e-faktura. Med avtale om e-faktura kan de sjølve bestemme kva elektronisk adresse (server) fakturaen skal leverast til. Då kan de samle fakturaer frå geografisk spreidde filialar til ei felles fakturaavdeling. Eller at eit felles oppgjerselskap kan betale fakturaer for fleire selskap.

Vi leverer dei elektroniske fakturaene til den FTP-serveren eller serveradressen som dere sjølv ynskjer. Fakturaene blir levert som XML-filer i e2B-format. Ved oppstart får de ei fil med rettleiing (Stylesheet XLS-fil) og logo (JPG-fil).

EHF-faktura

Kartverket kan også levere fakturaer i EHF-format, som er statens format for elektronisk fakturering. EHF-fakturaer blir levert gjennom meldingssentralen www.sendregning.no. Her kan mottakaren hente og lese fakturafiler i deira system. Kunder som ynskjer å få EHF-fakturaer må ha eit organisasjonsnummer som er registrert i ELMA-registeret.

Bli brukar av elektronisk faktura eller EHF-faktura

For å bli brukar av elektronisk faktura eller EHF-faktura, kan du sende ein e-post til regnskap@kartverket.no. I e-posten må du skrive namnet og organisasjonsnummeret til selskapet. Du må også skrive kva FTP-server, eller serveradresse de bruker.

For EHF-faktura må de skrive namnet til selskapet og organisasjonsnummeret som er registrert i ELMA-registeret.

Samlefaktura på papir

Ein faktura fra Kartverket vil vanlegvis innehalde alle krav som er registrert hjå Kartverket same dag. I store firmaer eller offentlige etatar, der mange sender inn dokument til tinglysing, kan selskapet samle fakturaene på ein annan måte. Kartverket tilbyr fyljande samlefakturaer:

  • Krav samla per dag (normalen)
  • Krav samla per dokumentnummer
  • Krav samla per kundereferanse
  • Krav samla per matrikkelenhet

Dersom du ynskjer ein bestemt type samlefaktura frå Kartverket, kan du sende ein e-post til regnskap@kartverket.no. Du må skrive organisasjonsnummeret og kva fakturatype du ynskjer.

Ofte stilte spørsmål

Share