Klikk for å se hele bildet fra Forsand kommune.jpg

Kommunane som skal slås saman er:

  • Stavanger + Rennesøy + Finnøy = nye Stavanger kommune
  • Forsand + Sandnes = nye Sandnes kommune

I tillegg er det vedtatt to grensejusteringar der ein del av øya Ombo vert overført til nye Stavanger kommune, og ein del av Forsand vert overført til Strand kommune.

Sjølv om reformen her i fylket ikkje blei så omfattande som den ei stund såg ut til å kunne bli, har reforma ført til ein god del ekstra arbeid for dei involverte kommunane. Kartverket Stavanger ynskjer å takke kommunane for alt det gode arbeidet dei har gjennomført til no.

Mens kommunesamanslåingar i den førre reformen stort sett handla om å flytte arkiv og menneske frå eit kommunehus til eit anna, har den stadig pågåande digitaliseringa endra samfunnet så mykje at det ikkje lenger berre er snakk om å «flytte papir» til andre kontor.

Det må mellom anna gjerast eit stort arbeid på matrikkelsida, før samanslåinga.

Kartverket som teknisk koordinator

Kartverket har i fått rolla som teknisk koordinator i samanslåingsprosessen, og er derfor ansvarleg for å arrangere møte med dei involverte kommunane. Så langt har Kartverket Stavanger halde tre oppstartsmøte:

  • 13.12.2017: Fellesmøte med involverte frå geodataavdelingane i alle kommunane
  • 7.2.2018: Møte med rådmenn, prosjektleiarar og geodata.

I møta med administrasjonen i kommunane deltok også med fylkeskartsjefen i Skien, Geir Mjøen. Han fortalde om erfaringane frå kommunane i Vestfold som allereie har vore gjennom samanslåingsprosessar dei siste åra.

Vidare informerte Kartverket Stavanger om Kartverket si rolle både som teknisk koordinator og som matrikkelstyresmakt i prosessen, i tillegg til at ein gjekk nærare inn på kva som må gjerast når i prosessen.

I møte med geodataansvarlige i kommunane gjekk vi meir spesifikt inn på kva som må gjerast i matrikkelen før samanslåinga kan bli ein realitet.

Etter oppstartsmøta har Kartverket Stavanger hatt fleire møter med kommunane og geodataavdelingane, og elles hatt ein tett dialog med kommunane.

Kontaktinformasjon

Kontaktpersonar ved Kartverket Rogaland: steinar.wergeland @ kartverket.no, og  roar.haugland @ kartverket.no.