Vasstandsmålaren på Mausund har vore i drift i mange år, men fram til nyleg har det vore data basert på vasstandsmålaren i Heimsjø som har kome opp ved søk på Mausund. Endeleg kan vi tilby observert vasstand, tidvatn og vasstandsvarsel frå Mausund på nettsidene og via API-et.

Sjå observasjonar og berekna tidevatn for Mausund her.

Ti år med vasstand frå Mausund

Søker du på Mausund vasstandsmålar, får du no observert vasstand frå målaren direkte, i nær sanntid. Du får også vasstanden tilbake i tid, som er den vasstanden som blei observert på Mausund tilbake til 2010. Det har også vore målt vasstand på Mausund før 2010, og årlege maksimum, minimum og middelverdiar vil etter kvart bli tilgjengeleg under "Historiske data" saman med månadsverdiane.

Tidvatn er berekna for Mausund, og dette kan du søke opp for det tidspunktet du ønskjer, både framover og bakover i tid. Du får også vasstandsnivå for Mausund, med høgaste og lågaste observasjon vi har gjort. I tillegg varslar Meteorologisk institutt vêret sitt bidrag til vasstanden på Mausund for dei nærmaste fem dagane, slik at du også får eit vasstandsvarsel som gjeld for Mausund.

Gjeld heile Frøya og nord på Hitra

Alle søk i Frøya kommune, samt nord på Hitra, vil no gje vasstandsdata og –informasjon som er basert på vasstandsmålaren på Mausund. Tidlegare har desse stadane hatt data og informasjon basert på vasstandsmålaren i Heimsjø. Delar av Ørlandet som tidlegare har hatt vasstand basert på Rørvik, får også no vasstand basert på Mausund.

Desse stadane vil no få vasstandsdata og -informasjon som er litt betre enn tidlegare. For tidvatnet er endringane små, men ein vil no kunne fange betre opp dersom vêret påverkar vasstanden ulikt for ytre og indre område.

Kvifor vente så lenge?

Mange har spurt kvifor vi ikkje har gjeve ut data frå Mausund på Se havnivå-tenesta når Kartverket faktisk har ein vasstandsmålar der. Ein grunn er at det krev observasjonar over fleire år for å kunne etablere gode vasstandsnivå og ei god berekning av tidvatnet. Det kan høyrast rart ut, men kvaliteten ved å bruke justerte data frå Heimsjø var difor lenge betre enn kvaliteten av observerte data frå Mausund direkte.

Ti år er derimot meir enn nok til at vi no har data frå Mausund som er av betre kvalitet enn det vi tidlegare leverte av justerte data frå Heimsjø. Etter ein lengre periode med tekniske utfordringar og samkøyring med Meteorologisk institutt for å få på plass vasstandsvarselet, er vi no endeleg i mål og har fått observert vasstand og vasstandsvarsel for Mausund ut på Se havnivå.

Les meir